fredag 2. desember 2011

Det brusar fossar ingen bygde ut

Har kjempa meg gjennom Dikt i samling av Tor Jonsson. Det er ikkje store boka, berre eit par hundre sider, men det er ikkje berre berre å sleppe så mykje svartsyn inn gjennom augene. Einsemd og død og lik og svik og tæring og sorg iblanda kjærleik. Jonsson er kanskje den beste likskrivaren vi har. Eg tillet meg å klippe frå ulike dikt:  



Ho som eg hadde kjær,
måtte eg bera
død gjennom dørene her
og inn i den andre verda
-------------------
Tæringsbleike bygda rotnar rundt ikring.
Eg høyrer alle kyrkjeklokker rundt om jorda kling.
-------------------
Det susar vind blant brende byars grus
Eg bankar på og høyrer sukk i gamle hus.


Og så alle desse fråverande kvinnene sjølvsagt:

Einsemd i stengde rom -
Einsemd og rop.
Einsemd i folkehop.
Kvinner som aldri kom -

---------------------------

Eg tykkjer alle stanar, -
men alle går forbi.
Kvar kvinne går og ranar
sekund av tida mi.

Men men, ein kvar får vel skrive om det ein vil, så lenge det er godt:

Eg ror imot straumen, men fossen ropar.
Armane dovnar og båten driv -
Fossen skal stå som eit utropsteikn
etter mitt liv -

God bok, helst i små dosar!

tirsdag 1. november 2011

I staden for enda ein tjukk roman

med altfor mange ord pr side, kan ein få tak i ei tynnare bok. Mange tynne bøker har eit snodig innhald, sånn som denne:

                                              

For dei svaksynte: Det står Øystein Hauge og Stilleben. Kanskje litt jålete tittel. Den kunne like gjerne heitt "Glimt." Det står berre fire linjer på kvar side. Eg liker best side 21:


tante Åsta i hårnett attmed ripsbuskane
taunusen mellom dei deformerte bjørketrea


alt dette sett gjennom det raude
cellofanpapiret edamerosten kom i




Eg synest det er fint at det er tante Åsta som har nett på seg, og ikkje ripsbuskane. Håret har sikkert stor verdi for henne. Det neste liker eg òg, men synest det er for kort. Eg får lyst til å høyre meir om han:


i den russiske uniforma han
alltid har på seg når han drikk


han sit i eit kvistværelse og radioen har sidan
tidleg i haust vore stilt inn på hilversum




Og sjølvsagt denne, som har ein open slutt:


kåpene frakkane støvlettane
skjerfa hanskane vottane


to tolvåringar åleine i bedehusgangen
dei har under halvtimen på seg




Bra at teksten sluttar der. Ein halvtime på seg til kva? Ikkje sikkert dei bruker den halvtimen til Stilleben. Stille liv.

tirsdag 11. oktober 2011

Pagestayer, ikkje pageturner

Til å vere ein litteraturblogg står det overraskande lite om litteratur her. Det må rettast opp.

Sikkert greitt at Tomas Tranströmer fekk Nobelprisen i litteratur sist veke, men det betyr jo at landsmannen Torgny Lindgren ikkje får den. Svenskane skal vere nokså navlegravande for å gi prisen til enda ein svenske dei neste 20 åra.

På den andre sida: Torgny Lindgren skriv ofte om folk som er langt opp i åra, gjerne over 100, så det er ikkje umuleg at han held ut lenge sjølv. I dag er han 73. Bøkene hans er absolutt ikkje pageturnerar. Til det skriv han for godt. Ein får lyst til å lese avsnitt om att, så det kan ta lang tid å kome seg gjennom ei heil bok. Han skriv som oftast om underlege folk ute i distrikta, og tekstane gjer seg best på svensk. Det set lesetempoet ned enda eit hakk. I staden for pageturner blir det ein pagestayer.

Sitat om gamling frå boka Pölsan, på norsk "Hakkepølsa":

Han hade eget rum, alldeles som Folkpartiet lovat redan på nittonhundrasjuttitalet. Han fick sina måltider serverade på bordet framför läsfåtöljen. Varje kväll kom någon med ett sömnpiller. Läkaren hade erbjudit honom lugnande medel, men han hade tackat nej. Två gånger per vecka blev han duschad. Var fjortonde dag kom en fotvårdsspesialist och klippte hans tåneglar, behandlade fotsulorna med pimpsten och gned in välluktande oljor mellan tårna. Tre biträden turades om att bädda hans säng. De var vackra og älskvärda, de stod honom mycket nära. En lokalvårdare dammsög golvet varannan dag. Då och då kom en sköterska och mätte hans mycket låga blodtryck. Sju år tidigare hade Hans Majestät Konungen skickat ett telegram till hans hundraårsdag. Från det kommunala biblioteket fick han alla de böcker och tidsskrifter han kunde önska sig. Ibland tittade kyrkoherden in till honom. Varje månad beställde han genom förestanderinnan två flaskor brännvin. En sjukgymnast kontrollerade då och då att han utförde vissa nyttiga rörelser.

Kort sagt: han behandlades som en alldeles vanlig åldring. Han hade ingenting emot det. Men han vägrade bära blöjor.

Mange fine ord på svensk: fotsulorna, dammsugare, lugnande medel. Om det dukkar opp eit og anna ord eg ikkje forstår, er det berre fint.

torsdag 8. september 2011

Miljøskadelege lydbøker

På Notabene kunne ein nyleg kjøpe lydbøker for 29 eller 49 kroner. Det var jo ein latterleg pris, så eg fylte ein pose. Einaste problemet er at eg ikkje har cd-spelar innomhus. Berre i bilen min. Så no må eg køyre omkring i regnbygene her på øya for å få høyrt bøkene. Ganske fordyrande, det der. For ikkje å snakke om alle utsleppa. Slitasje på vegane også, samferdsleminister Kleppa. Du får snakke med Anniken og be ho sette opp prisane til Notabene.

søndag 28. august 2011

Bokslepp på Åheim


I går hadde Hilde Myklebust bokslepp på Åheim. Ho gir ut sin første roman, Glødepunkt, og i følge Samlagstilsette skal dette vere noko av det beste dei har på lista si i haust. Stort oppmøte frå bygdefolket og Hilde fekk ein blomster som var like stor som ho sjølv. Musikkinnslag av sønene til Marie Lovise Widnes. Sjølv hadde ho vondt i handa og kunne ikkje synge. Og så var det quiz, rett nok med olivingruvedrift og kaiengelsk som tema, så eg fekk ingen rett. Men kjekt, lell. Og stor kake med avtrykk av bokomslaget midt på. Sånn skal bokslepp vere!

Namnet "Myklebust" betyr visst "den store garden". Mikla=stor, bust=bustad. Noko å leve opp til. Har oppfatta det slik at Hilde berre har eit småbruk...

Målmannen til Aalesund heiter forresten Grytebust. Tru kva det betyr?

Eg og Maria Parr las også nokre minutt. Etternamnet hennar skal eg ikkje spekulere noko omkring. Det er ho sikkert luta lei av!

torsdag 25. august 2011

Bombeflyvertinne

I går sa ein SV-veteran at Kristin Halvorsen ikkje skulle vore partileiar. Da SV godkjente bombinga av Jugoslavia, formulerte Georg Johannesen det slik: Ho bør ikkje vera SV-leiar. Ho passar mykje betre til å vera flyvertinne! (liten pause) På eit bombefly!

Han om det. Sitatet er henta frå den nye boka til Erling Lægreid, "Nærgåande skisser", som inneheld mange festlege miniportrett.

søndag 17. juli 2011

Brann i maurtue

Artikkel i Romsdals Budstikke i går:

Brann i maurtue

Brannvesenet måtte i ellevetiden fredag rykke ut til en brann i ein maurtue øst for Fannebostad på sørsida av Frænavegen. Brannen ble slokket uten at det var oppstått skade. Politiet kan ikke si noe om hvordan brannen oppstod.

Kommentar: Uten at det var oppstått skade? Var det ingen skadde eller omkomne i tua? I så fall imponerande reaksjonstid, både frå mauren og Molde Brannvesen.