lørdag 16. juli 2011

Barnelitteratur, på ein måte, frå Sierre Leone

Godt eksempel på at bøker om barn ikkje treng å vere barnebøker. Om dette hadde vore film, hadde det  ikkje vore 11-års grense, akkurat, sjølv ikkje i følge med pappa og mamma, bestemor og bestefar. Den unge hovudpersonen får familien sin slakta ned, før han går inn i regjeringshæren og svarer med same mynt. All lemlestinga gjer inntrykk fordi forfattaren ikkje gjer noko stort nummer av det. Barnesoldatane plukkar ut auger, skjærer over struper med den taggete sida av knivbladet og let fangar grave si eiga grav. Det er berre noko gutane gjer, høge på kokain og Rambo-filmar. Eg trur ikkje det sto ord som grusomt og fryktelig  ein einaste gong i teksten. Og takk for det.

Boka viser den korte vegen frå glad unge til omsynslaus mordar. Og den lange vegen tilbake. God bok! 

1 kommentar:

  1. Ja, og på norsk heiter altså boka "En bedre dag i morgen".

    SvarSlett