Artikkel i Romsdals Budstikke i går:
Brann i maurtue
Brannvesenet måtte i ellevetiden fredag rykke ut til en brann i ein maurtue øst for Fannebostad på sørsida av Frænavegen. Brannen ble slokket uten at det var oppstått skade. Politiet kan ikke si noe om hvordan brannen oppstod.
Kommentar: Uten at det var oppstått skade? Var det ingen skadde eller omkomne i tua? I så fall imponerande reaksjonstid, både frå mauren og Molde Brannvesen.
søndag 17. juli 2011
lørdag 16. juli 2011
Barnelitteratur, på ein måte, frå Sierre Leone
Godt eksempel på at bøker om barn ikkje treng å vere barnebøker. Om dette hadde vore film, hadde det ikkje vore 11-års grense, akkurat, sjølv ikkje i følge med pappa og mamma, bestemor og bestefar. Den unge hovudpersonen får familien sin slakta ned, før han går inn i regjeringshæren og svarer med same mynt. All lemlestinga gjer inntrykk fordi forfattaren ikkje gjer noko stort nummer av det. Barnesoldatane plukkar ut auger, skjærer over struper med den taggete sida av knivbladet og let fangar grave si eiga grav. Det er berre noko gutane gjer, høge på kokain og Rambo-filmar. Eg trur ikkje det sto ord som grusomt og fryktelig ein einaste gong i teksten. Og takk for det.
Boka viser den korte vegen frå glad unge til omsynslaus mordar. Og den lange vegen tilbake. God bok!
Boka viser den korte vegen frå glad unge til omsynslaus mordar. Og den lange vegen tilbake. God bok!
tirsdag 21. juni 2011
Patriotisk målarkost
Eg var nyleg på Fargerike og såg etter ei passande måling til nokre småmøblar. Der kom eg over ei farge som heiter Isfjord. For ein isfjording var det ikkje noko meir å stusse over. Berre å bla opp. Og sjå kor godt farga Isfjord passar til Nynorsk ordliste og Nynorskordboka! Det er muleg at det er snakk om Isfjord på Svalbard og ikkje Isfjorden i Romsdal, men men. Nært nok for meg.
søndag 5. juni 2011
Skrivekunst frå sykkelsetet
Tim Krabbé - Sykkelrytteren
Akkurat no er dette favorittboka mi. Det skjer mykje meir her enn i sykkelritta på tv2. Boka er ei skildring av det 137 km lange amatørsykkelrittet over Mont Aigoual i 1977. Og det er forfattaren sjølv som syklar i front. Nokre sitat:
Ingenting hvisler så deilig som hull i dekket til en konkurrent.
Lukten av gjødsel, bønder på en lav mur, en hund som springer opp i hundehuset sitt og starter en voldsom spurt i vår retning, abrupt avbrutt av at kjettingen strammer seg.
En ren forglemmelse.
Hei, hei, roper Reilhan, men stemmen hans er ingen lasso, og jeg flyr ut i åpent rom.
Jeg er et esel.
Fransk er et rikt språk, som har et ord som jante til overs for en felg.
Bena mine kjennes som tauet i verdensmesterskapet i tautrekking.

fredag 13. mai 2011
Kunstnarfoto
Har nyleg vore på møte med Samlaget og forstår jo at alle foto eg sender dei er håplaust trøtte og kjedelege. Ein skulle lært av Zappa.
Han kunne også vere trøtt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)