søndag 28. august 2011

Bokslepp på Åheim


I går hadde Hilde Myklebust bokslepp på Åheim. Ho gir ut sin første roman, Glødepunkt, og i følge Samlagstilsette skal dette vere noko av det beste dei har på lista si i haust. Stort oppmøte frå bygdefolket og Hilde fekk ein blomster som var like stor som ho sjølv. Musikkinnslag av sønene til Marie Lovise Widnes. Sjølv hadde ho vondt i handa og kunne ikkje synge. Og så var det quiz, rett nok med olivingruvedrift og kaiengelsk som tema, så eg fekk ingen rett. Men kjekt, lell. Og stor kake med avtrykk av bokomslaget midt på. Sånn skal bokslepp vere!

Namnet "Myklebust" betyr visst "den store garden". Mikla=stor, bust=bustad. Noko å leve opp til. Har oppfatta det slik at Hilde berre har eit småbruk...

Målmannen til Aalesund heiter forresten Grytebust. Tru kva det betyr?

Eg og Maria Parr las også nokre minutt. Etternamnet hennar skal eg ikkje spekulere noko omkring. Det er ho sikkert luta lei av!

torsdag 25. august 2011

Bombeflyvertinne

I går sa ein SV-veteran at Kristin Halvorsen ikkje skulle vore partileiar. Da SV godkjente bombinga av Jugoslavia, formulerte Georg Johannesen det slik: Ho bør ikkje vera SV-leiar. Ho passar mykje betre til å vera flyvertinne! (liten pause) På eit bombefly!

Han om det. Sitatet er henta frå den nye boka til Erling Lægreid, "Nærgåande skisser", som inneheld mange festlege miniportrett.